Workshop

Bli ein betre sikrar og tryggare klatrar

Nytt tilbod til deg som ynskjer å bli ein betre sikrar og tryggare klatrar. Passer for deg som har klatra ei stund og deg som er heilt fersk. Det er mykje ein ikkje vinn å gå gjennom på brattkortkurset, og på workshopen vil du få tips frå ein erfaren klatrar.


På workshopen går vi gjennom:

  • Dynamisk sikring
  • Ulike typar bremsar
  • Klatring ved store vektforskjellar mellom klatrar og sikrar
  • Tips for å klatre meir effektivt (strategi, posisjonering..)
  • Falltrening og fryktmeistring (for dei som treng det)

Pris: 200,- per deltakar

Varigheit: 2,5 timar.

Interessert? Fyll inn navn og e-post under så sender vi deg ein mail når vi har sett opp workshop.