Ditt første besøk?

Alle må signere ansvarserklæring før ein klatrar hjå oss. 2 t kurset intro til buldring passar for deg som er ny.

Klatring for alle!

Førde Klatresenter tilbyr innandørs buldring og tauklatring på alle nivå. Her fokuserer vi på bevegelsesglede, og at alle skal finne passande utfordringar og oppleve meistring. 

Ingen krav om reservasjon. Bli så lenge du vil!

Følg oss på sosiale medier

Følg oss på facebook / instagram, og få oppdateringar om det som skjer på senteret.

Siste nytt:

  • Velkommen til Buldremaraton fredag 28. november! Frå 20:30 blir det pub og filmvisning av Reel Rock 17. Meir info finn du her

  • Neste brattkortkurs er 20-21 desember, meir info og påmelding her. Me har satt opp fleire kurs, for seinare datoar sjå her.

  • Yoga på klatresenteret i november/desember: mandag 24. november 20:00, onsdag 3. desember 20:00. Meld deg på her.

  • Lyst å ta buldringa eit hakk vidare? Meld deg på introduksjonskurs i buldring! Meir info om kurset finn du her. Gjerne meld interesse for kurs, så sett me opp!

  • Bli med på barselbuldring! Kvar måndag frå 10:30-13:00 kan mødre/fedre i permisjon ta ei økt på senteret saman med andre foreldre. Kjøper du lunsj, spanderar me kaffien!

Nybyrjar?

Om du aldri har klatra før er det inga hindring! Les meir om dei ulike klatreformene her. Det enklaste er å komme i gang med er buldring (lav klatring over tjukkas).

Det krevst ingen forkunnskap eller kurs for å prøve seg i buldreveggen vår, og vi har passande utfordringar for deg, uansett nivå. Om du verkeleg vil opp i høgda kan du leige sele og teste autobelay (automatiske sikringsmaskiner).

Ønskjer du å kick-starte klatrekarriera og få gode tips og innføring i klatreteknikk, arranger vi 2-timers introduksjonskurs i buldring med jamne mellomrom. Klatresko kan du leige for ei økt, så det er berre å stikke innom!

Erfarne klatrarar

Meir erfarne klatrere vil setje pris på at vi har høgt fokus på ruteskruing, med hyppig utskifting av bulder. 

Vi har også treningsveggen Kilter board i 2. etasje, samt velutstyrt treningsrom for sunn grunntrening. 

For born


Vi har tilrettelagde areal for born, med klatreleik i fokus. På senteret vårt kan ein også få ei bursdagsfeiring utanom det vanlege.

Vi har barne- og ungdomsgrupper med instruktørar, som går over 10 veker både haust- og vårsemesteret. Det er også eigne bulder for litt eldre born (juniorbulder), og vi har autobelayvegg for born (klatring med sele og automatisk sikring).

Kom og prøv!

Vi har ope alle dagar og står klare til å ta imot deg uansett om du er erfaren eller vil prøve for første gang.

 Opningstider:

  • Måndag-torsddag: 09:00-22:00
  • Fredag: 10:00-20:00
  • Laurdag: 10:00-18:00
  • Søndag: 10:00-20:00
  • Endringar ifm høgtid etc finn du her

Kontaktinfo: