Ditt første besøk?
Alle må signere ansvarserklæring før ein klatrar hjå oss. 2 t kurset intro til buldring passar for deg som er ny.
Klatring for alle!
Førde Klatresenter tilbyr innandørs buldring og tauklatring på alle nivå. Her fokuserer vi på bevegelsesglede, og at alle skal finne passande utfordringar og oppleve meistring.
Ingen krav om reservasjon. Bli så lenge du vil!

Siste nytt:
Opningstider i sommer, finn du her. Vanlege opningstider frå 17. august.
- Yoga kvar onsdag frå 19. august på klatresenteret frå 20:00-21:00. Påmelding her
- Boreal-cup 1. runde, fredag 28. august. Pub og quiz med Isabel frå 20:30
- Barselbuldring kvar måndag frå 10:30-13:00 for mødre/fedre i permisjon. Kom å ta ei økt på senteret eller bare kom for ein kaffi eller noko å bite i. Kjøper du lunsj, spanderar me kaffien!
- Damebuldring kvar onsdag frå 18:00-20:00. Ingen påmelding, det er bare å møte opp!
Nybyrjar?
Om du aldri har klatra før er det inga hindring! Les meir om dei ulike klatreformene her. Det enklaste er å komme i gang med er buldring (lav klatring over tjukkas).
Det krevst ingen forkunnskap eller kurs for å prøve seg i buldreveggen vår, og vi har passande utfordringar for deg, uansett nivå. Om du verkeleg vil opp i høgda kan du leige sele og teste autobelay (automatiske sikringsmaskiner).
Ønskjer du å kick-starte klatrekarriera og få gode tips og innføring i klatreteknikk, arranger vi 2-timers introduksjonskurs i buldring med jamne mellomrom. Klatresko kan du leige for ei økt, så det er berre å stikke innom!

Erfarne klatrarar
Meir erfarne klatrere vil setje pris på at vi har høgt fokus på ruteskruing, med hyppig utskifting av bulder.
Vi har også treningsveggen Kilter board i 2. etasje, samt velutstyrt treningsrom for sunn grunntrening.

For born
Vi har tilrettelagde areal for born, med klatreleik i fokus. På senteret vårt kan ein også få ei bursdagsfeiring utanom det vanlege.
Vi har barne- og ungdomsgrupper med instruktørar, som går over 10 eller 15 veker både haust- og vårsemesteret. Det er også eigne bulder for litt eldre born (juniorbulder), og vi har autobelayvegg for born (klatring med sele og automatisk sikring).


Kom og prøv!
Vi har ope alle dagar og står klare til å ta imot deg uansett om du er erfaren eller vil prøve for første gang.
Opningstider:
- Måndag-torsdag: 09:00-22:00
- Fredag: 10:00-20:00
- Laurdag: 10:00-18:00
- Søndag: 10:00-20:00
- Endra opningstid i sommer finn du her
Kontaktinfo:
- Adr: Vievegen 169, 6812 Førde
- E-post: post@fordeklatresenter.no
- Tlf: 92977030
- Personvern


