Klatring

Klatring er ei fantastisk aktivitetsform der ein får brukt heile kroppen og særskilt overkroppen. Element som teknikk, bevegelegheit og koordinasjon er vel så viktige som rå styrke. Det aller beste med klatring er at det er så kjekt at ein ikkje tenkjer over at det er trening!  

Vi har stort fokus på at vi skal tilby utfordringar på alle nivå.

Buldring

Ordet «buldring» kjem frå det engelske ordet «boulder» (stor stein), og er klatring på store steinar, låge fjellveggar eller låge innandørsveggar. Ein har ikkje behov for tau, då fall vert demp av ein tjukkas. Buldring krev med andre ord ikkje spesialutstyr for sikring.

Buldring er ei eiga idrettsgrein (i tillegg til tauklatring og speedklatring), med nasjonale og internasjonale konkurransar, og vert også nytta av mange som trening til tauklatring. Sidan veggane og rutene (kalla «buldre-problem/ bulder») er kortare enn i tauklatring, blir buldring meir intensiv og trenar i større grad maksstyrke enn uthald. 

Det er ikkje naudsynt med kurs eller spesialutstyr for å kome i gong. Det einaste som trengs er eit par klatresko og kalk (som du kan leige eller kjøpe hjå oss!). For dei som ynskjer hjelp til å kome i gang, inkludert klatreteknikk og tips, har vi introkurs.  

Tauklatring

Tauklatring skjer på lengre ruter, og krev  både meir utstyr (sele, tau og taubrems) og kunnskap om sikring. Alle som skal sikre hjå oss må ha Brattkort. Brattkort-kurs kan du sjølvsagt ta hjå oss!

Autobelay

Vi har 3 autobelayar (automatiske sikringsmaskiner) på senteret, som gjer det mogeleg å kome opp i høgda også om ein ikkje har Brattkort, eller å få trent uthald utan å ha med seg ein klatrepartnar. NB: Om du ikkje har Brattkort må du få hjelp frå ein ansatt til å sikre at selen er tatt på riktig og du har festa deg korrekt. Autobelayen strammast automatisk inn etterkvart som du klatrar, og når du slepp eller fell vert du firt ned til bakken igjen.

Opningstider:

  • Måndag-torsdag: 09-22
  • Fredag:09-20
  • Laurdag: 10-18
  • Søndag:10-20

Kontaktinfo:

  • Adr: Vievegen 169, 6812 Førde
  • E-post: post@fordeklatresenter.no
  • Tlf: 92977030 
  • Facebook
  • Instagram