Barn/familie

Barnerom

Buldring (klatring på lav vegg over tjukkas) er ein perfekt aktivitet for born i alle aldrar! Vi har eit eige barnerom med lavare buldreveggar med bulder skrudd spesielt for born, med klatretak tilpasset barnehender og kort avstand mellom taka. Ved sidan av barnerommet er autobelayveggen vår, som er 6 m høg og også har ruter som egnar seg for born. Det krevst ikkje forkunnskap for bruk av autobaly, men henvend deg i resepsjonen dersom du ikkje har brukt dette før og treng opplæring. Born under 13 år må alltid vere under oppsyn av vaksen.  

Barne- og ungdomsgrupper

Vi arrangerer grupper som har vekentlege treningar med instruktør. Sjå "Kurs og grupper" for meir info.

Tryggleik

Har du med deg born, må du også passe på at desse ikkje befinn seg under folk som buldrar. Eldre born kan buldre i hovudbuldrerommet ved behov for ekstra utfordringar, men må då vere i følgje med vaksen. Det er ikkje tillate å springe rundt, leike på tjukkas osv. Det er viktig å sjå til at borna ikke oppheld seg under vaksne som buldrar, då folk kan ramle når som helst! 

Bursdagsfeiring

På senteret kan de få ei bursdagsfeiring utanom det vanlege. 

Som hovudregel har vi kun anledning til å arrangere bursdag fredagar ettermiddagar. Om de har anledning til å leggje feiringa til før 15.30 på i vekedagane, kan det la seg gjere.

Passer for: 5-10år

Pris: 250 per born (minimumspris: 1500,-)

Maks antal: 12-15 born

Vi reserverer barnerommet og autobelayveggen for selskapet. Vi serverer saft og husets pizza. Foreldre kan gjerne ta med kake. Vi dekker på og stiller med alt utstyr og ein bursdagsvert. Ein eller to av foreldrene må vere tilstade under bursdagen. Borna får bruke barneklatrerommet der vi har diverse leiker og aktiviteter som vi kan gjere etter behov. Vi er opptekne av at alle borna skal oppleve meistring og få ei positiv oppleving. 

For spørsmål og bestilling, kontakt oss på: post@fordeklatresenter.no

Kontakt:

  • Adr: Vievegen 169, 6812 Førde
  • E-post: post@fordeklatresenter.no
  • Tlf: 92977030
  • Facebook
  • Instagram