Inne til ute

Dette er kurset for deg som ynskjer å ta steget frå innandørs klatring til klatring på bolta ruter på utandørs klippe. Formålet med kurset er å gi deltakarane eit grunnlag for å kunne klatre sikkert utandørs på bolta klatrefelt, både på topptau og led.

Kursinnhald:

- Utstyr for utandørs klatring

- Etablering av topptau- og rappellfeste

- Rappellering

- Korleis snu på toppen av ruta (tre toppanker)

- Risikoaspekt ved klatring utandørs

- m.m.

Krav til forkunnskap:

- Deltakar må ha brattkort.

- Deltakarar må vere over 15 år. Deltakarar under 18 år må syne fram skriftleg samtykke frå foreldre.

Utstyrsliste:

- Sele

- Hjelm

- Taubrems (ATC, tube eller tilsvarande) som kan nyttast til rappellering på to tau.

- 2 stk skrukarabin.

- Eit klatretau per to deltakarar

- Kortslynger: 10-12 per to deltakarar (om du vil klatre på led)

- 1 x klemknuteslynge 5/6 mm. Ca 30 cm ferdig knytta (kan kjøpast på senteret).

Varigheit: 2 dagar (totalt 12 timar). 

Kursstad: Deltakarar får skriftleg informasjon om oppmøtestad.

Pris: 2000,- . Deltakarar med årskort/medlemsskap: 1800,-

Påmelding her