Tryggleik

Tryggleiks- og trivselsrelar - for ei trygg og god klatreoppleving 

Klatring inneber risiko og all klatring og anna aktivitet i Førde Klatresenter sine lokale skjer på eige ansvar. Alle som skal klatre/buldre hjå oss må signere ei ansvarserklæring om at dei har lese, forstått og vil følgje våre reglar. 

Føresette må signere på vegne av personar under 18 år. Ungdom (13-17 år) kan nytte senteret aleine, men føresette må signere ansvarserklæringa. 

Born under 13 år må til ei kvar tid vere under tilsyn av ein vaksen, som er ansvarleg for borna sin tryggleik. Borna må ikkje springe eller forstyrre andre når dei oppheld seg i klatreanlegget. Vi har eit tilrettelagt barnerom, kor borna kan klatre, leike og kose seg. 

Under opphaldet:

  • Alle besøkjande må rette seg etter vegleiing og pålegg frå beteninga. 
  • Beteninga kan vise besøkjande vekk, eller nekte personar/grupper de vurderer som uskikka tilgang til klatreanlegget. 
  • Vis omsyn og hald stemmebruken på «innenivå». Det er ikkje tillate å springe i lokalet.
  • Ingen lause gjenstandar skal vere med opp i klatreveggen. Buldre- /klatremadrassene skal vere frie for drikkeflasker, kostar og andre personlege gjenstandar. 
  • Klatresko er påbode i klatreveggen og skal kun nyttast i klatreområda. I barnerommet kan borna også nytte gymsokkar/innesko. Ein skal, som minimum, vere kledd med singlet og shorts. 
  • Be om vegleiing ved minste tvil om bruken av anlegg eller utstyr. Beteninga vil gladeleg hjelpe deg! 
  • Oppdagar du lause tak, feil, eller manglar, som kan vere av betydning for tryggleiken i anlegget, skal du gje beskjed til beteninga med ein gong.
  • Alle personskadar skal rapporterast til beteninga. 

Buldring:

  • Det er ikkje tillate å buldre i tau klatreveggen. 
  • Ver merksam på fallsoner. Ikkje stå, sitt, eller gå i soner der andre klatrarar kan lande ved fall . Du er sjølv ansvarleg for at andre buldrarar ikkje fell på deg. Vær merksam på andre når du startar på ei rute. 
  • Leik eller turning på madrassane er ikkje lov. 
  • Fleire av rutene har «nedklatringstak». Nytt gjerne desse, der det er mogeleg. Tenk på fall og fallteknikk. Sjå eigne oppslag om dette. 

Bruk av autobelay (automatisk sikringsmaskin):

  • Alle som skal bruke autobelay må ha brattkort/sikringskort, eller ha fått opplæring frå beteninga. Spør beteninga om du ikkje har fått slik opplæring. 
  • Du er sjølv ansvarleg for å kjenne til og følge oppslått «Autobelay-innstruks». 
  • Kameratsjekk skal alltid utførast før du forlet bakken. 
  • For born under 13 år, er den vaksne ansvarleg for kameratsjekk. 
  • Om du ikkje har Brattkort/sikringskort, er du ansvarleg for å få kontrollert at selen er teken på rett. Vend deg til beteninga. 
  • Meld frå til beteninga om du er i tvil om bruk av, eller feil ved, Autobelayen. 

Tau klatring 

For å klatre med tau i anlegget er det krav om at klatraren: 

  • Har Brattkort/sikringskort eller tilsvarande (ungdom med Brattkort/sikringskort må i tillegg ha godkjenning frå føresette). Topptaukort gir kun høve til å sikre på topptau. 
  • Eller er i følge med ein person over 18 år som har Brattkort/Sikringskort. Denne personen er då ansvarleg for tryggleiken. Det er ikkje høve til å sikre om ein ikkje har Brattkort/Sikringskort sjølv. 
  • Du er sjølv ansvarleg for å kjenne til og følge oppslått Klatrevettplakat. Alt klatreutstyr skal vere godkjent av UIAA (CE godkjenning). 
  • Ved topptauing i overhengande vegg skal alle kortslynger vere klippa inn på klatraren si side av tauet - kvar einaste runde. Dette for å unngå farleg pendel. 
  • Ved ledklatring skal alle mellomforankringar nyttast. 
  • På grunn av fare for samanstøyt, er det ikkje tillate å ledklatre ved sidan av ei linje som er i bruk.
  • Våre topptau skal ikkje nyttast til ledklatring. 
  • Utfør alltid kameratsjekk, oppretthald god kommunikasjon til ei kvar tid, og hald alltid eit godt grep med «bremsehanda» når du sikrar.

Kontaktinfo:

  • Adr: Vievegen 169, 6812 Førde
  • E-post: post@fordeklatresenter.no
  • Tlf: 92977030
  • Facebook
  • Instagram