Fasiliteter

Buldrevegg

Buldreveggen vår er 4,5 m høg. Her er det tjukkas under, så ein ikkje treng å tenkje på tau eller sikring, og det krevst ingen forkunnskap for å prøve seg. Med buldring langs to veggar, samt ein frittstående konstruksjon midt i rommet har vi totalt ca 250 kvm buldrevegg. Her finn du til ei kvar tid mange bulder i alle vanskegrader. Det vert skrudd nye bulder kvar veke. Buldra er merka med teip, som viser vanskegrad og startgrep. Buldreveggen vår er ganske høg, og sjølv om det er tjukkas under anbefaler vi å klatre litt ned igjen før ein slepper taket. Grå nedklatringstak er plassert på stader der det kan vere vanskeleg å klatre ned.

Barnerom

Vi har eit eige barnerom, der born kan klatre, leike og kose seg. I tillegg har vi tre autobelay-ruter rett utanfor barnerommet, som er tilpasset born (med relativt kort avstand mellom klatretaka). Det vil også vere eigne bulder skrudd for born på buldreveggane i hovudrommet. Desse er merka med smilefjes.

 

Treningsrom

På treningsrommet kan du varme opp, trene generell eller klatrespesifikk styrke, eller tøye.

 

Tauklatrevegg

Tauveggen vår er 12 m høg og har 12  boltelinjer. Det vil normalt vere skrudd ca to ruter på kvar av linjene. Då nokre av linjene er plassert tett, anbefaler vi kun å klatre på annakvar linje. For å sikre eller klatre på led må du ha Brattkort.
 

Kontaktinfo:

  • Adr: Vievegen 169, 6812 Førde
  • E-post: post@fordeklatresenter.no
  • Tlf: 92977030
  • Facebook
  • Instagram