
Faste aktiviteter
Yoga
Me har yoga på senteret meir eller mindre kvar veke. Dette er lågterskel yogatimar der du trenar både bevegelegheit og styrke, under kyndig vegleiing av instruktøren vår. Me postar timane på nettsida, sosiale medier og på tavle på senteret. Påmelding her.

Barselbuldring
Bli med på barselbuldring! Kvar måndag frå 10:30-13:00 kan mødre/fedre i permisjon ta ei økt på senteret saman med andre foreldre. Kjøper du lunsj, spanderar me kaffien!
Buldring for damer
Buldring for damer kjem til å vere ein fast aktivitet framover(utanom høgtid/feriar). Vi stiller med instruktør, som kan vise teknikk og tips for å klare bulder og utvikle deg som klatrar. Det blir ein sosial kveld og god stemning. Instruktøren kjem til å ha på seg t-skjorte frå fks og det er berre å henvende seg til ho når du kjem. Det kostar ikkje noko ekstra å vere med i gruppa, og ein treng ikkje booke plass på førehand.
Tidspunkt:
Tysdagar 19.30-21.00

