Klatresenter
Buldring
Buldreveggen vår er 4,5 m høg. Her er det tjukkas under, så ein ikkje treng å tenkje på tau eller sikring, og det krevst ingen forkunnskap for å prøve seg. Med buldring langs to veggar, samt ein frittstående konstruksjon midt i rommet har vi totalt ca 250 kvm buldrevegg. Her finn du til ei kvar tid mange bulder i alle vanskegrader. Det vert skrudd nye bulder kvar veke. Buldra er merka med teip, som viser vanskegrad og startgrep. Buldreveggen vår er ganske høg, og sjølv om det er tjukkas under anbefaler vi å klatre litt ned igjen før ein slepper taket. Grå nedklatringstak er plassert på stader der det kan vere vanskeleg å klatre ned.

Tauklatring
Autobelay

Barnerom
Klatring er ein perfekt aktivitet for born i alle aldrar! Vi har eit eige barnerom med lavare buldreveggar med bulder skrudd spesielt for born, med klatretak tilpasset barnehender og kort avstand mellom taka. Ved sidan av barnerommet er autobelayveggen vår, som er 6 m høg og også har ruter som egnar seg for born. Det krevst ikkje forkunnskap for bruk av autobaly, men henvend deg i resepsjonen dersom du ikkje har brukt dette før og treng opplæring. Born under 13 år må alltid vere under oppsyn av vaksen.
Treningsrom
På treningsrommet kan du varme opp, trene generell eller klatrespesifikk styrke, eller tøye.


