
Kurs og grupper
Her finn dykk ei oversikt over alle kurs og grupper me har på senteret. Me sett fortløpande opp nye kurs i løpet av året. Me kan også tilpasse opplegg med kurs og grupper om det er ynskjeleg. Ta kontakt med oss om dykk er fleire som ynskjer å ta eit kurs saman: post@fordeklatresenter.no
Grunnkurs inne (Brattkortkurs):
Grunnkurset gir nødvendig kunnskap for å kunne avlegge brattkortprøva, som du må ha bestått for å kunne klatre med tau (på led) i klatreveggen vår. Kurset går over to dagar, totalt 10 timar.
Ein må vere minimum 13 år for å kunne ta brattkortprøva. For personar under 16 år må foreldrene skrive under ansvarserklæringa innan kursstart. Personar under 18 år må ha samtykke frå foreldre ved søknad om brattkort etter endt kurs. Les meir om sjølve brattkortprøva her.
Datoar:
- Laurdag 20.12 og søndag 21.12 kl 09:00-14:00. Påmelding
Pris: kr 1600,- Pris inkluderer inngong, lån av utstyr og 20% rabatt i butikken veka etter kurs.
Minste tal deltakarar: 4
Introduksjonskurs buldring:
Kurset passar for deg som har lite eller inga erfaring med buldring/klatring. Kurset passar og for deg som klatrar grønne/blå bulder. Har du aldri gått kurs eller jobba med klatreteknikk før, vil du ha stort utbytte av dette kurset. Innhaldet blir tilpassa nivået til deltakarane.
Vi gir deg ei innføring i grunnleggjande teknikkar. Du lærer å bevege deg i veggen og vi fokuserer på bevegelse, teknikk og balanse. Dette vil hjelpe deg på veg til å bli en betre klatrar. Du kjem raskare i gong og får større utbytte og glede av tida på senteret. Aldersgrense på introkurs er 13 år.
Innhald:
- Tryggleik
- Kva er buldring
- Grunnleggjande teknikkar og bevegelse.
- Tyngdepunkt og balanse
Varighet: 1,5 timer. Kun ein gong.
Pris: kr 250,- inkl. inngong og skoleige. 20% rabatt i butikken i veka etter kurset. Betaling i resepsjonen på senteret.
Avbestilling er kostnadsfritt inntil 3 dager før oppstart. Manglende oppmøte & ingen avbestilling før oppstart: Hele deltakeravgiften faktureres.
Ved sjukdom eller karantene kan avbestilling skje uten omkostninger også etter avbestillingsfristen.
Barne og ungdomsgrupper haust/vår:
Meir informasjon her.
Inne til ute-kurs og Introduksjonskurs til tradklatring:
Registrer deg i dette skjemaet, og me tek kontakt når me har satt opp kurs.

