E9 Lågterskelcup & pub haust 2023 

03/22/2022

Lågterskelcupen vert arrangert ein gong i månaden gjennom vår- og haustsemesteret. Dette er, som navnet tilseier, ein uhøgtidleg konkurranse. Ein registrerer seg på scorecard og kryssar av dei buldra ein klarer i løpet av økta. Kvart bulder gir eit poeng. Vi trekkjer premiar blant deltagarane etter kvar runde. Etter endt cup kårar vi samanlagtvinnarane. Lågterskel-cup er gøy, så det er berre å leggje prestasjonsangst til side og bli med på moroa! Etter kvar cup-runde inviterer vi til pub og hyggje.

Datoar:

Runde 1: 25.08.23            Runde 3: 20.10.23      Runde 5 (finale):  15.12.23

Runde 2: 22.09.23           Runde 4: 17.11.23