Ledige Stillinger

STILLINGSUTLYSNING: Medarbeider / Instruktør ved Førde Klatresenter (10.12.2025)

Førde Klatresenter er regionens samlingspunkt for klatrere i alle aldre – frå nybegynnarar som tek sine første steg på veggen, til erfarne utøvarar som trenar målretta. Vi held til i moderne og lyse lokale, med buldring, tauklatring, kurs, arrangement og eit inkluderande miljø. No ønskjer vi å styrke teamet vårt og søker etter ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar/instruktør i deltidsstilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot kundar, yte god service og sørge for eit trygt og triveleg miljø i hallen
  • Preparering og servering av mat og drikke i kafeen.
  • Instruksjon av nybegynnarar og grupper: barnegrupper, bedrifter osv.
  • Enkle driftsoppgåver som rengjering og rutinemessig vedlikehald

Kvalifikasjonar

  • Interesse for klatring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode kommunikasjonsevner og trygg i møte med folk
  • Evne til å skape tryggleik og gode opplevingar for barn og vaksne
  • Kurs som Brattkort eller Topptaukort er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Strukturert, ansvarsfull og med evne til å jobbe sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
  • Opplæring og moglegheit for å utvikle instruktørkompetanse
  • Gratis klatring
  • Gode personalfordelar
  • Moglegheit for å ta relevante kurs
  • Ein arbeidsplass der du får vere ein viktig del av lokalmiljøet og bidra til aktivitet, meistring og idrettsglede

Om stillinga

  • Deltid: 10% med hovedvekt av vakter på kveld, helger og ferier. Moglegheit for ei større stilling etter kvart for den rette kandidaten.
  • Oppstart: Snarast eller etter avtale, me vurderer søknader fortløpande.
  • Det er ønskeleg at du har moglegheit til å vere med som instruktør på barnegrupper utover våren.
Send ein kort søknad og CV til post@fordeklatresenter.no
Søknadsfrist:
31.12.2026