Smittevern
Oppdater 15.02
- Vi oppmodar alle besøkjande om å følgje nasjonale råd, og halde seg heime ved sjukdom.
- Vi oppmodar dei som kan om å leggje klatreøkta utanom rush-tidene. I kvardagane er det mellom klokka 18.00 og 21.00. I helgene mellom klokka 11.00 og 15.00. Vi ber alle om å begrense besøkstida til 2 timar.
- Kurs og grupper går som normalt.
Vi kan halde det så reint vi berre klarer her, men vi er avhengige av at kvar og ein er nøyen med dei grunnleggjande smittevernsreglane:
- Vask henden før, undervegs i og etter økta. Om du er synleg skitten på hendene må du bruke såpe og vatn før handsprit.
- Hald deg heime og test deg ved symptom.
- Ta vaksine.
Oppdatert 01.02.21
Smitteutbrotet som starta i Førde i veke 4 synte seg å ikkje stamme frå klatresenteret. Det er vi glade for! Per i dag har vi ingen indikasjon, frå Førde eller andre stadar i landet, på at det er forbunde større risiko ved å ferdast på klatresenter enn treningssenter generelt, eller andre stadar der folk samlast. Klatregrepa synest ikkje å representere noko fare, så lenge kvar einskild person ivaretek handhygiene, held avstand til andre og held seg heime og testar seg ved symptom.
For at flest mogeleg skal få klatre, og for å begrense kødanning, oppfordrar vi alle som kan om å leggje økta til dagtid. Vi ventar flest besøkjande i tidsrommet 18-21 i kvardagane og 11-15 i helgene.
Vi må ha full kontroll på kven som har vore i senteret til ei kvar tid. ALLE må hugse å registrere kortet sitt ved inngong. Vi registrerer navn og nummer på alle som betalar drop-in. For at vi skal ha heilt kontroll vil det ikkje lenger vere høve til å spandere eit klipp frå klippekortet på andre.
Følgjande tiltak gjeld på ubestemt tid:
-Det vert kun tillate å klatre på annakvar linje i tauveggen.
-Talet aktive buldrarar vert begrensa til ca 30 personar, men vi gjer fortløpande vurderingar.
- Maks 10-15 born i området barnerom/autobelay.
-Vi tek betalt (drop-in) for alle besøkjande (også dei som ikkje klatrar), men born kan få med inntil ein vaksen gratis - forutsett at den voksne ikkje skal klatre sjølv.
- Kurs og grupper går som normalt, men med begrensning på tal deltakarar i henhold til forskrift.
Vi kan halde det så reint vi berre klarer her, men vi er avhengige av at kvar og ein er nøyen med dei grunnleggjande smittevernsreglane:
- Vask henden før, undervegs i og etter økta. Om du er synleg skitten på hendene må du bruke såpe og vatn før handsprit.
- Hald minst 1 meter avstand til personar du ikkje bur saman med.
- Hald deg heime og test deg ved symptom.
VEL MØTT!